To justismord: Snikkarmeister Carl Andreas Hoel- Trollstigens far
Billetter
Om arrangementet
Denne kvelden kan du få høyre historia om to av dei mest oppsiktsvekkande justismorda i norsk rettshistorie, og om mannen som kjempa mot uretten og tilslutt vann, men som ikkje utan grunn både hadde venner og fiendar.
Forfattar Svein Linge skal fortelje om det dramatiske livet til valldølen Carl A. Hoel (1865-1954). Hoel reiste rundt i Europa og lærte møbelsnikring på så høgt nivå at han fekk oppdrag frå kongelege. Etter ein brann i Bergen i 1903 vart han dømd for mordbrann og send i fengsel. Familien kjempa for frifinning i årevis. Kong Haakon VII og sentrale politikarar engasjerte seg, og i 1918 gav Stortinget han ei erstatning som i dag ville hatt ein verdi på over 20 millionar kroner.
Han flytta tilbake til heimbygda Valldal, der han blant anna vart den fremste pådrivaren for å få bygt Trollstigen, men han fekk også mange fiendar i bygda. Han bygde seg eit herskapeleg hus, New Home. Då New Home tok til å brenne, vart Hoel på nytt skulda for brannstifting og dømd. Først som 84-åring vart han frikjend.
Forfattaren har henta fram tidlegare ukjende kjelder og teiknar eit fascinerande portrett av ein uvanleg mann: møbelsnikkaren, gründeren, samfunnsbyggaren, forteljaren, rebellen, forfattaren og salmediktaren Carl A. Hoel.
Opent og gratis for alle.
I tillegg til foredrag blir det sal av bøker.
