Sparebanken Møre | Tonje Glimmerdal
Billetter
Om arrangementet
Ei juleforestilling med fart og sjølvtillit
Tonje Glimmerdal er tilbake! Publikum har gjort Tonje Glimmerdal til ein ekte suksess, og for tredje året på rad inviterer vi til fart, latter og hjartevarme frå Glimmerdalen.
Tonje er på mange måtar Norge si Pippi Langstrømpe. Ho er den einaste ungen i Glimmerdalen, og den tøffaste jentungen dalen har sett, der ho herjar nedover fjellsidene på ski.
Alle likar Tonje, unntatt den kyniske business-campingplass-eigaren Klaus. Han likar ikkje born i det heile teke og har innført forbod mot born på det han kallar ”Hagen-Helsecamping”. Bestevennen til Tonje er gamle Gunnvald, ein bisk felespelar på over sytti år. Dei to kjenner kvarandre ut og inn – eller gjer dei eigentleg det? Ein dag då Gunnvald er på sjukehuset med broten fot, forstår Tonje at Gunnvald har ein stor løyndom han ikkje har røpt for bestevennen sin. Brått får Tonje mangt å rydde opp i, og det blir ein kamp for å berge lykka og feletonane for verdas beste bestevenn, godt hjelpt av mottoet: 'Fart og sjølvtillit'.
Tonje er ikkje ei jente som gjev opp lett. Ho veit å ta ting i eigne hender og forvandle det vonde til noko godt. Det er ikkje gjort på ein, to, tre. Ho er snart ti år gamal, og så klok og så smart at ein skulle tru ho var hundre! Vil Tonje klare å ordne opp i alle problema som dukkar opp?
Tonje Glimmerdal på Teatret Vårt er ei forestilling basert på den kjende og godt likte boka, og hadde premiere i november 2024. Kjersti Sandal har skrive ein nær, varm og stemningsrik versjon av den populære forteljinga. Anne Wiig spelar Tonje Glimmerdal med varme, humor og action i denne spektakulære forestillinga. Sindre Klykken har skrive musikken, akkompagnert på fele av Britt Elise Skram, medan scenograf Dagny Drage Kleiva har trylla fram ei leiken og fantasifull verd som vil fenge og fortrylle publikum.
Bli med på eit varmt og actionfylt eventyr i Glimmerdalen!
Sparebanken Møre spanderer teaterbillettane!
Takket vere generalsponsoren til Teatret Vårt, Sparebanken Møre, kan barn og vaksne oppleve Tonje Glimmerdal heilt gratis på alle turnéstadene og på to ekstra framsyningar i Molde.
Du kan bestille inntil fem billettar per bestilling.
Tilbodet gjeld alle, ikkje berre kundar i Sparebanken Møre.
Dei ordinære framsyningane i Molde har vanleg billettpris.
Premiere 12. november 2026 (Nypremiere)
Varighet ca. 1 time
Passer for alle fra 4 år
Av
Maria Parr
Dramatisering og regi
Kjersti Sandal
Scenograf og kostymedesignar
Dagny Drage Kleiva
Lysdesigner
Jonas P A Fuglseth
Komponist og lyddesigner
Sindre Klykken
Musikarar
Britt Elise Skram og Sindre Klykken
Maskør
Maren Togstad
Koreograf
Nikita Kistochka
Dialektkonsulent
Solveig Styve Holte og Ane Marte Brattli Strøm
