Sigri Sandberg- "Det året eg vakna"

Om arrangementet

Sigri Sandberg har skrive bok om naturtap og klimaangst. Møt ho her hos oss 16.11. 

Sigri Sandberg har i store delar av sitt vaksne liv skrive om natur og friluftsliv i ulike sjangrar og publikasjonar. Men ho har vore for feig. Ho har fortrengt at skogane brenn, at havet stig, at vi står til hoftene i ei natur- og klimakrise. Ho har fortrengt at ho sjølv er natur, og ho har tatt avstand frå si eiga frykt. I denne boka erklærer ho seg difor skuldig i feigskap. Ho skriv seg inn i frykta, og inn i fakta – og krisene vi står i. For kva er det eigentleg som skjer, og kva gjer det med oss? Sigri skriv seg gjennom eit heilt år, skriv frå der ho er: i nord om vinteren, ved fjorden om våren, ved havet om sommaren og på fjellet om hausten. Lesaren får i tillegg til ei personleg forteljing også geologiske, biologiske, psykologiske og filosofiske perspektiv på problema vi står overfor. 
Men er det mogleg å gå inn i desse brennaktuelle krisene utan å velte sjølv? Ta elendet inn over seg utan sjølv å gå til grunne? Og finst det eventuelt ein sti vidare? Det prøver denne boka å svare på. 

Sigri Sandberg er ein norsk journalist og sakprosaforfattar, som særleg har skrive om polare strøk, friluftsliv og klima. Sandberg har studert journalistikk, budd åtte år på Svalbard og skrive fast for A-magasinet, friluftsmagasinet Ute og Fjell og Vidde. Ho har skrive fleire bøker saman med polfarar Cecilie Skog. Ho har blant anna skrive ei bok om Hurrungane i Jotunheimen og Polarheltinner – om røffe kvinner i polare strok siste 100 år. Dei to siste bøkene hennar før denne, er "Mørke – stjerner, redsel og fem netter på Finse" som kom i 2019 og “Ro – om Sognefjorden og ein lang rotur heim”, frå 2022. 

Vel møtt!