Filmvisning: Edvard Hoem på Veøya

Om arrangementet

I denne filmen møter vi forfattaren Edvard Hoem som fortel og les frå boka Jordmor på jorda, som kom ut i 2018. Filmen vart det gjort opptak til på Veøya i Molde kommune ein sommardag i 2020.

Hovudpersonen i boka, Marta Kristine Nesje, gjekk i 1821 den lange vegen frå Romsdal til Christiania for å bli jordmor, medan tre barn og mannen hennar, Hans Nesje, venta på henne heime. Etter ni månader på jordmorskule gjekk ho heim igjen, og ho var i livets teneste i meir enn femti år.

Veøya er ikkje tilfeldig valt som lokasjon for denne filmen. Som ung mor var nemleg Marta Kristine tenestejente på Veøy prestegard. Av presten fekk  ho ei bok som skulle forandre livet hennar. I denne boka las ho kvar ledige kveldsstund.

Ut frå få historiske fakta skriv Edvard Hoem fram livet i bygdene ved Romsdalsfjorden med stor dikterisk kraft. Dette er ikkje berre ei forteljing om framveksten av det viktige jordmoryrket, men òg ei påminning om at lykka og tragedien bur nær kvarandre, og at den store kjærleiken kan bli ei tyngande bør. Med boka Jordmor på jorda. Huset under Blåhammaren fekk Edvard Hoems slektskrønike, som opnar med Slåttekar i himmelen (2014), eit dramatisk forspel. Marta Kristine og Hans Nesje er stammor og stamfar til den store etterslekta vi møter der.

Edvard Hoem (f. 1949) debuterte i 1969 og har sidan vore svært produktiv som romanforfattar, dramatikar, salmediktar og Shakespeare-gjendiktar. For Kjærleikens ferjereiser (1974), Prøvetid (1984), Ave Eva (1987) og Mors og fars historie (2005) vart han innstilt til Nordisk Råds litteraturpris. For Mors og fars historie fekk han Melsomprisen og Petter Dass-prisen, og han vart òg innstilt til Kritikerprisen. Frå 2009–2013 gav Hoem ut biografien om Bjørnstjerne Bjørnson i fire band. I 2011 vart Hoem tildelt statsstipend og i 2013 fekk han Språkprisen. I 2014 gav Hoem ut Slåttekar i himmelen, første band i den bestseljande romanserien om slekta frå Romsdal. Dei fem bøkene Slåttekar i himmelen (2014), Bror din på prærien (2015), Land ingen har sett (2016), Liv andre har levd (2017) og Jordmor på jorda (2018) har eit opplag på over 400.000. Sjette bok, Felemakaren, kom ut hausten 2020.  

I 2019 vart Edvard Hoem tildelt Brages heiderspris, og i 2020 vart han utnemnt til Kommandør av St. Olavs Orden for innsatsen sin for norsk litteratur og kulturarv. (Kjelde: Forlaget Oktober)

Visningen er gratis, men for å få plass må man "kjøpe" en billett.