Halvor Folgerø: Om fest og fødslar og kjærleik og kø

Om arrangementet

Vestlandet kan oppsummerast i tre f`ar: fjell, fjordar og ferjer. Ingen transportmiddel er meir elska og hata enn ferjene.

Men sakte, men sikkert blir dei erstatta av bruer og tunnelar. I den siste boka si har Halvor Folgerø møtt ferjefolk frå Smøla i nord til Stavanger i sør, og samla historier om livet på og med ferjene. Om kvardagsliv, komikk, romantikk og dramatikk. Om storm og stille, fest og fødslar, kjærleik og kø. Boka har fått svært god mottaking, og blei ein av bestseljarane hausten 2024.

I foredraget får du høyre dei beste historiane, og sjå dei finaste bileta.

Halvor Folgerø er forfattar, musikar, journalist og programleiar, med fortid i NRK. Han har dei siste åra også hatt stor suksess med bøkene sine om Vestlandsvegar.

Etter foredraget blir det høve til å kjøpe signerte bøker.