Nyttårskonsert med Sunnivakoret og Ytre Suløens Jazz-ensemble 2023

Om arrangementet

Sunnivakoret og Ytre Suløen tilbake med nyttårskonsert i 2023

 

I tillegg til velkjente Tricia Boutte i Suløen, har koret denne gongen med sin eigen solist i tillegg, Marita Bødal Nybakk. «Stjerna frå Stad», som Prots likar å kalle henne, hausta bl.a. stor applaus  med eige solistnummer på Olavsfestspela i Trondheim 2019. Og ho har ved fleire høve opptredd med solistkollega Tricia.

 

Sunnivakoret  har etter kvart fått lang fartstid - og blir 20 år i 2023,  fortsatt med Per Oddvar ”Prots” Hildre som dirigent. M.a.o, ikkje berre SKRUK han er uthaldande med, som same året blir 50… Prots fylte sjølv 70 år i 2020, noko som sjølvsagt koret har markert, om enn litt i etterkant. Eit fullsatt kulturhus ville vere ei flott forseinka bursdagsgåve frå publikum til denne markante maestroen, som og har blitt utnemnt til kommandør av Den Kongelege Norske St. Olavsorden  sidan sist vi var på Åndalsnes.

Koret har forøvrig «slanka» seg litt,  ca 60 medlemer no mot godt over 100 dei første åra, dog inga «spisevegring»; vi tek stadig til oss ny pedagogisk «næring» frå denne inspirerande dirigenten og i følgje han er kvaliteten i stadig utvikling, slik han også likar det.

 

Legendariske Ytre Suløens Jassensemble har også endra litt på fasaden, men held som vanleg høg klasse! «Good old man» på banjo, Einar Aarø, har vald å gje seg, men så fekk han og litt av ei fartstid i ensemblet! Men YS-genane er likevel ivaretatt sidan son til gamletrommis Ottar Anderson, Svein Tore, har tatt over stafettpinnen på banjo. På trombone har dei no Gunnar Bech frå Molde. Den øvrige besetninga er David Gald, tuba, Morten Gunnar Larsen, piano, Lars Frank, klarinett/saksofon, Sturla Nielsen Hauge. trompet og Kristoffer Tokle, slagverk.

 

Vi gler oss til ei ny flott konsertoppleving på Åndalsnes i lag med eit forhåpentlegvis kulturellt hungrig og entusiastisk publikum! 

 

Rauma Kulturhus laurdag 14. januar 2023 kl 18.00