Alfabetjakt på biblioteket
Billetter
Om arrangementet
Sunniva Relling Berg kjem til biblioteket denne føremiddagen. Ho har skrive boka Alfabetjakta, som er ei annleis ABC-bok der barna får vere med og leite seg fram til neste bokstav. Forfattaren Sunniva Relling Berg tek barna med seg på jakt inn i boka, gjennom slåande visuelle oppslag viste på skjerm i bakgrunnen. Boka er full av finurlege bokstavar og underlege ord, alt frå sjiraff til ninjago, dusj og oregano.
Etter førestillinga kan barna sjølve gå på bokstavjakt i biblioteket!
Sunniva Relling Berg er ein prisvinnande forfattar som har skrive i fleire ulike sjangrar, både for barn og vaksne.
